Recent Changes - Search:

MoholtPark Web

PmWiki

edit SideBar

MPHF-2019-08-26-S

Dato: 26.08.2019 kl 20:00
Stad: Frode Rinnans veg 82

Til stades:
Ragnar Fagerberg, Lars Fossum, Ole Kristian Hoel, Elin Svendsen (vara), Einar Bøen (vara)

Sak 1: Innkjøp av stillas

  • Har kome forespørsel om MPHF kan kjøpe inn stillas
  • Ingen midlar på budjsettet i år
  • Ber om at ønsket blir meldt inn til årsmøtet slik at ein eventuelt kan sette av pengar til det

Sak 2: Mailinglistene

  • Vi har to epostlister
    • huseier@moholtpark.net
      • Alle medlemmar i MPHF
    • styre@moholtpark.net
      • Styret inkludert varamedlemmar
  • Kun dei som er medlemmar i huseier-lista får sende epost dit
  • Medlemmar på styre-lista og medlemmar på huseier-lista kan sende til styre-lista
  • Vi prøvar å oppfordre nyinflytta til å melde seg på epostlista, samt få telefonnummer på telefonlista

Sak 3: Varsel om stenging av konto

  • Brev frå Sparebank 1 om stenging av konto
  • Mangla nokre formelle ting ifbm. konto
    • Lars har ordna opp i dette
  • Vi har ikkje hatt heilt oppdatert informasjon i brønnøysundregisteret
    • Ole Kristian ordnar opp i dette snarast

Sak 4: Dugnad 2. september

  • Håpar på at det er ver for beising
    • Beis vart kjøpt inn til vårdugnaden, men ikkje brukt
  • Container for hageavfall blir ståande måndag morgon til onsdag formiddag
  • Ragnar sender varsel på huseier@moholtpark.net

Sak 5: Vedlikehaldsavtale

  • Avtalen for brøyting, plenklipping etc. går ut 1. oktober
    • Dette er ein avtale mellom velforeninga og Øyvind Myhre
  • Velforeninga er instilt på å forlenge med to nye år
    • Eventuelt køyre ein grundigare runde før neste fornying
    • Vi stiller oss bak dette
  • Burde kanskje vere fulgt opp betre frå velforeninga si side at leverandør leverar som avtalt
    • Tidspunkt for ferdig brøyting (før 7:00)
    • Brøyting av fortau
    • Køyrer fort i gatene

Sak 6: Reparasjon av skade på asfalt

  • Meldt til velforeninga

Sak 7: Vedlikehaldsfondet i velforeninga (MPV)

  • Vart sett av kr 500 000 i 1998
    • Ingen avkastning etter dette
    • Etter KPI burde denne vere ca. 775 000 no
  • Har blitt sett av litt pengar til fondet dei siste åra
    • Bør leggast ein plan for kva ein gjer framover
  • Om MPV får utgifter som er større enn fondet må dei enten hente inn pengar frå alle medlemmar eller ta opp lån
    • Bør avklarast om MPV har anledning til å ta opp lån
  • Vegar og det som ligg i vegane (vatn og avløp) er MPV sitt
  • Blir tatt opp i MPV på sikt, Ragnar tar med tilbakemeldingar frå MPHF

Sak 8: Luciafeiring

  • Lars sender påminning på huseier-epostlista

Sak 9: Neste møte

  • Ragnar finn ein dato i januar
Edit - History - Print - Recent Changes - Search
Page last modified on September 04, 2019, at 07:52 PM