Recent Changes - Search:

MoholtPark Web

PmWiki

edit SideBar

MPHF-2020-02-20-S

Dato: 20.02.2020 kl 19:00
Stad: Frode Rinnans veg 82

Til stades:
Ragnar Fagerberg, Ole Kristian Hoel, Einar Bøen (vara)

Sak 1: Referat frå velforeninga

  • Nokre punkt frå huseigarforeninga har ikkje blitt vidareformidla til velforeninga
    • Vedlikehald av sandkasser, huset på den store leikeplassen mm.
    • Ragnar tar med til neste møte i velforeninga 10. mars
  • Vedlikehaldsfondet
    • Har stått eit fast beløp på kr 500 000 i mange år
    • Blir ein eigen konto framover
    • Lagt opp til at det skal auke med kr 100 000 per år framover
    • Får ny forretningsførar knytta til OBOS
    • Velforeninga tar ein runde saman med OBOS for å sjå på kva vedlikehaldsutgifter vi kan forvente
    • Må framleis avklarast om velforeninga kan ta opp lån om det skulle oppstå behov for det
    • Mykje som er uavklart, men forhåpentlegvis veit vi mykje om eit år

Sak 2: Viktige datoar i 2020

  • Årsmøte
    • Forslag om onsdag 15. april
  • Vårdugnad
    • Bør vere før konfirmasjonstida
      • Kanskje konfirmasjon så tidleg som 2. mai
    • Forslag om 27. og 28. april
      • kan flyttast om konfirmasjonen er seinare
    • Velforeninga ordnar med avfallscontainer, hageavfallscontainer og bark
  • Sommarfest
    • Tradisjonelt siste laurdag før skuleferien
    • Laurdag 13. juni
  • Haustdugnad
    • Første måndag i september
    • 7. september
  • Lucia
    • 13. desember

Sak 3: Årsmøte

  • Sende ut informasjon med planlagt dato for årsmøte
    • Informere om planlagt dato (15. april)
    • Be om innspel til saker til årsmøtet
      • Saker må vere inne seinast 20. mars
    • Ragnar sender ut forvarsel til alle beboarar
  • Innkalling sendast ut mellom 20. mars og 1. april
  • Ragnar skriv årsmelding
  • Lars ordnar rekneskap til årsmøtet
  • Forslag til sak til årsmøtet
    • Endre ordlyd i vedtektene: "styrets formann" og "formann i styret" til hhv. "styrets leder" og "leder i styret"
    • Må avklarast at dette ikkje er i konflikt med vedtektene til velforeninga
  • Lokasjon for årsmøtet
    • Viva Italia Moholt klokka 18
  • Kontingenten i huseigarforeninga
    • Vi ønskar ikkje å auke kontingenten vår, men kan bli nødvendig om velforeninga aukar kontingenten

Sak 4: Igangsetting av valgkomite

  • Valgkomite er Bjarne Bøklepp og Reidar Bruli
  • Ragnar setter i gang valgkomiteen slik at forslag til minst to nye styremedlemmar er klart til årsmøteinnkallinga
    • Frist 20. mars

Sak 5: Neste styremøte

  • Hovudtema blir årsmøtet
  • Foreslått dato 24. mars
    • Ragnar kallar inn
Edit - History - Print - Recent Changes - Search
Page last modified on February 21, 2020, at 08:46 AM