MPHF-2024-09-03-S

Styremøte i Moholt park huseigarforeining, 03.09.24 - hos Randi.
Til stades: Siri-Malen, Stig, Anne Tove, Ingeborg, Randi.
Forfall: Ole

Sak 1) Godkjenning av innkalling og saksliste

  • Ingen merknader

Sak 2) Gjennomgang av referat frå førre møte.

  • Påminning om årshjulet og årsmøtet måndag 7. april
  • Neste fellessamling: Lucia-markering 13. desember

Sak 3) Oppsummering av haustdugnaden

  • Dei fleste oppgåvene blei gjennomførde, men med litt dårlegare oppmøte enn tidlegare.
  • Lukejobben på fellesområda har etter kvart blitt omfattande – kanskje er det for mykje for dugnadsgjengen? Anne Tove tar spørsmålet opp på møte i velforeininga, og diskuterer om vi kan sette bort fleire av oppgåvene. Vi tar spørsmåla seinare med til årsmøtet.
  • Til neste dugnad:
    • Skifting av treramme på sandkasse, store leikeplass
    • Fjerning av rust på sklia
    • Fjerning av ugras ved fortauskantane
    • Male klatrestativet

Sak 4) Asfaltering
10 hus har meldt interesse hittil. Ingeborg kontaktar Trondheim asfaltservice og spør om dei kan komme på ettermiddagstid. Vi annonserer tidspunktet. Dei som ev. ikkje kan stille, allierer seg med naboane, eller ta kontakt direkte.

Sak 5) Solceller
Stig har rekna og resonnert:

  • Alle husstandar må ha eigne anlegg av omsyn til nettleige etc.
  • Takvinklane er ikkje optimale for energiproduksjon.
  • Anlegg må leggast oppå eksisterande tak, noko som kan vere ugunstig mtp. at taka ev. må reparerast etter kvart.

Konklusjon: Prosjektet er truleg ikkje økonomisk gunstig. Installering av solcelleanlegg må ev. vere opp til idealistiske huseigarar. Saka kom frå årsmøtet. Vi gir ei kort orientering og opnar for diskusjon der.

Sak 6) Trafikk

  • Skilt med «barn leikar» er bestilt.
  • Saka om fartsdump i gata ved leikeplassen må utgreiast. Anne Tove tar den opp på velforeiningsmøtet i første omgang, og ev. til årsmøtet seinare.
  • Brøytehaugane ved festplassen er store om vinteren. Vi dokumenterer med bilde og tar saka opp igjen når snøen kjem.

Sak 7) Økonomi

  • Det har vore kluss med betalingsfristane til Obos. Stig har fått sett opp e-faktura, og vi håpar det går i orden ved neste forfall.
  • Alle husstandane har betalt kontingent før sommaren.

Sak 8) Eventuelt

  • Ikkje alle får e-post. Anne Tove sender ein e-post til alle og ber dei svare med husnummeret sitt – for å identifisere dei som ikkje får e-post. Ho orienterer samtidig om tilbodet frå Trondheim Asfaltservice.
  • Neste møte blir onsdag 13.11 kl. 20.30 – hos Stig.

Ref. Randi