MPHF-2024-11-13-S
Styremøte i Moholt park huseigarforeining,
13.11.24
Til stades: Stig (vert), Siri-Malen, Anne Tove, Ole, Randi (ref.). Forfall: Ingeborg
Sak 1) Godkjenning av innkalling og saksliste
- Ingen merknader
Sak 2) Gjennomgang og kommentarar til referat frå førre møte
- Neste fellessamling: Lucia-markering og julegrantenning fredag 13. desember kl. 18.00. Ole sender ut invitasjon, Anne Tove og Stig riggar.
- Vi har eit skilt med «Barn leker» til overs og ser om finn ein plass til det.
Sak 3) E-postlista
Ole har sjekka kven som ikkje får e-post, og kvifor. Problemet er dels at meldingar har havna i søppelposten, og dels at folk har oversett dei. No skal dei aller fleste vere inne.
Sak 4) Status asfaltering
Det må vere minst åtte husstandar for å gjennomføre asfaltering. Ingeborg har oversikt over kven som ønskjer dette. Asfalteringa blir gjennomført til våren.
Sak 5) Tilbod frå gartnar
Vi har fått tilbod frå Aimar Sørensen/Hagemiljø om oppgradering og vedlikehald av uteområda på kr. 29 500 per år. I tillegg kjem kostnader for oppstart og utskifting av døde
planter. Totalt utgjer dette kr. 92 550 første år. Styret er positive og sender saka vidare til velforeininga som må godkjenne dette, før vi kan ta det opp på årsmøtet.
Sak 6) Trafikk
Saka om fartsdump har vore oppe i velforeininga, og vi tar ho vidare til årsmøtet. Siri-Malen spør Torstein Ryeng om det finst eit reglement vi må ta omsyn til.
Sak 7) Eventuelt
Eigarskapen til domenamnet moholtpark.net er hos tidlegare sekretær. Vi overfører det til kasserar Stig, inntil vidare. Dette kostar kr. 179. Oppsummering av årsmøtesaker per i dag: Fartsdump, solceller, gartnar – og live-musikk til
17. mai. Resten av førebuinga gjer vi på februar-møtet.
Neste møte blir onsdag 19. februar kl. 20.30 – hos Anne Tove