MPHF-2025-02-18-S

Styremøte i Moholt Park huseigarforeining, 18.02.25
Til stades: Anne Tove Brenne, Stig Marsteng Nilsen, Siri-Malén Høynes, Randi Solheim
Forfall: Ole Sæther, Ingeborg Solheim

1. Godkjenning av innkalling og saksliste
Ingen merknader

2. Godkjenning og gjennomgang av referat frå møte 13. nov
Referatet blei godkjent. Nokre utfyllande kommentarar:

  • Julegrantenninga er ein fin tradisjon. Det var dårleg vêr på årets arrangement, men likevel bra oppmøte.
  • Gartnartenester: Tilbodet frå Hagemiljø er såpass lågt at det ikkje treng godkjennast av årsmøtet i velforeininga, og det blir akseptert.
  • Asfaltering: Ni huseigarar har meldt interesse, og det blir asfaltering i vår. Ingeborg har kontakt med Asfaltservice, og sender oppdateringar på e-post.

3. Gjennomgang av referat frå styremøte i velforeininga 26. nov.
Vi gjekk igjennom referatet. Nokre sentrale punkt:

  • Økonomien i velforeininga er god. Overskudd, inkludert renter, er på om lag 95 000 kroner.
  • Tilbodet frå Hagemiljø vil bli signert av styreleiar (jf. over)

4. Førebuing av årsmøtet 7. april
Anne-Tove har sendt eit utkast, som vi diskuterte og supplerte i fellesskap.
Vi sender ut innkallinga i løpet av veke 12 og satsar på å få med både valkomiteens innstilling og innkomne saker. Anne-Tove formidlar dette.

Orienteringssaker:

  • Fartsregulering i gata frå nr. 66–46 (Siri-Malén orienterer): Det er ein del ulemper med fartsdumpar. Dei må fjernast før vintersesongen, og vil også medføre ein del bråk ved passering. Vi har hengt opp «Barn leikar»-skilt i gata og avventar effekt av dette. Ei alternativ løysing er blomsterkassar eller liknande, som kan snevre inn vegen. Tilrådd avstand mellom dumpar er 75 meter. Ein dump i denne gata vil truleg medføre kortare avstand
  • Avtalen med Hagemiljø (sjå not. over)
  • Asfaltering (sjå not. over)
  • Solceller (Stig supplerer innkallinga, jf. tidlegare sondering og diskusjon, og orienterer på møtet)
  • Det blir ikkje auka kontingent for 2025 (4 200,-), jf. budsjettforslaget.
  • Pizza-saker:
    • Live-musikk på 17. mai?
    • Oppmoding om å støtte om sosiale arrangement :)

5. Eventuelt
Ingen saker