MPHF-2026-02-09-S
Tilstede: Randi, Ingeborg, Bastiaan, Stig, Jelena (for Vladimir). Borte: Siri-Malén
Sted: FRV 50
Sak 1: Førebuing av årsmøte
Tid og stad: Torsdag 16. april, klokka 19.00 på Viva Italia, Vegamot 12. Ingeborg bookar.
Frist for innsending av saker: 20. mars – på e-post til ingeborg.solheim@sintef.no
Randi sender varsel om møtet og fristen på e-post til huseigarane. Ho varslar også valkomiteen (Anne Tove og Ole).
Stig og Siri-Malén går ut av styret, og vi treng to nye medlemmer. Jelena har fungert for Vladimir (begge frå nr. 20) i 2025, og vi foreslår å formalisere dette i valkomiteens innstilling.
Det er foreslått å auke kontingenten i velforeininga for å sikre betre likviditet i tilfelle det vert behov for større oppgraderingar, for eksempel av avløpssystem. Ingeborg undersøker med Jon Arne kva dette eventuelt får å seie for oss, før vi lagar budsjett. Eit nytt EU-direktiv kan også spele inn.
Randi lagar årsberetning etter modell frå fjorårets.
Orienteringssaker:
- Asfalteringa – vi er nøgde med arbeidet, og det var godt organisert frå huseigarforeininga.
- Vi har engasjert gartnar Aimar Sørensen – korleis har det fungert i år?
- Utbetring av leikeplassane
Stig lagar rekneskap og budsjett.
Vi sirkulerer dokumenta på e-post, men set opp eit møte måndag 23. mars kl. 19 hos
Randi – i tilfelle det kjem inn saker som vi må diskutere.
Sak 2: Planar for våren
Vårdugnad: måndag 27. og tysdag 28. april
Sommarfest: laurdag 20. juni